DFS sin "Skyteskule 1" er eit konsept utvikla for å gi heilt ferske skytarar grunnleggjande opplæring i skyting, med hovudvekt på tryggleik og handtering av skytevåpen. Arrangør er Sykkylven og Stranda Skyttarlag.
Staden for skyteskulen er i kjellaren på Ikornnes Idrettsarena sitt klubbhus, der skyttarlaget har éi av to innandørs skytebaner. Dette er ein 15 m innandørs miniatyrbane med seks elektroniske skiver, og kvar elev får låne alt dei treng av utstyr av skytterlaget.
Som nevnt i ingressen over er oppstart; Mandag den 13.10.2025 - kl: 17:00
Vi ønskjer påmelding på førehand til Andor Bjørke på 916 92 497, og vi set opp faste skytetider for kvar skyttar, inndelt i lag og dette publiseres på forhand..

Velkomen til skyteskule 1 - 2025.





