Velkomen til ein kveld med Leikanger skyttarlag i den heilt nye storstova Drægnisalen på Saften. I samband med Fruktbare dagar får me i høve vårt eige 150-årsjubileum ein time til å presentere litt av arbeidet i laget.
Knut Grinde, som har vore redaktør for jubileumsboka, tek oss med på laget si historie gjennom 150år frå 1876 og fram til 2026. Saman med han kjem Helene Reigstad. Ho har vore på kongelaget på Landsskyttarstemnet dei to siste åra, og var prinsesse som landests nest beste skyttar i 2025. Helene er lagets klart beste skyttar for tida, og fortel litt om trening og satsing for å bli god. Til slutt kjem også Gaute Eliassen Hamre som har med ein gjeng ungdommar som viser att litt av rekrutteringsarbeidet som vert gjort i laget.



































