
I fjor skaut Vilde Tråen Halland (bildet) saman med fire veteranar i Østlandscupen. I år var det "motsett" med heile fire rekruttar, av dei tre heilt ferske (berre ei trening eller to med reim!) og med veteranen Halvor Kongsjorden som kneskyttar. Det skal vera minst ein som skyt kneståande i denne cupen (cup 1) som er for skyttarar som har ligg og kne i sitt program. Resultatet var underordna for oss i denne matchen mot naboane frå Flesberg: målet for lagleder Ellen N Tråen var at alle skot skulle i riktig skive, og det gikk fint! Flesberg vant som venta med god margin, men alle våre var godt fornøgde med eiga skyting.
| Rollag og Veggli | 1613 | |
| Halvor Kongsjorden | 349 | |
| Vilde Tråen Halland | 347 | |
| Tiril Sophie Varpe Langø | 319 | |
| Mathea Bergelien Bjerkgård | 314 | |
| Olea Blakstad Aas | 284 | |
| Flesberg | 1688 | |
| Erlend Dalane Løvlid | 342 | |
| Erik Helgesplass Grønbu | 341 | |
| Gullik Flaget Dalegaarden | 340 | |
| Haley Marie S. Øvereng | 334 | |
| Ella Dalane Løvlid | 331 |
I cup 2, der alle fem skal skyte fullt seniorprogram, møtte me Sigdal på bortebane. Om det vart overlegen bortesiger i cup 1 vart det langt jamnare i cup 2. Leiinga skifta heile vegen gjennom 15-skoten, og etter 25 skot var ROV i leiing med 3 poeng. ROV henta også tre poeng på omgangen og vant til slutt med seks poeng.
Beste skyttar var ikkje uventa heimelagets Gaute Grøterud med 346, og best på ROV var Harald Kongsjorden og Nora Midtgard med 343.
| Sigdal | 1686 | |
| Gaute Grøterud | 346 | |
| Henrik Jamne | 341 | |
| Karoline Jamne | 338 | |
| Anna Mørch Lislien | 334 | |
| Adrian Slevikmoen Rolfstad | 327 | |
| Rollag og Veggli | 1692 | |
| Harald Kongsjorden | 343 | |
| Nora Midtgard | 343 | |
| Geir Egedahl | 338 | |
| Andreas E. Fulsaas | 334 | |
| Heine Kongsjorden | 334 |
Trekning av neste runde skjer mot slutten av november, og for laget i cup 1 går vegen vidare i B-cup, mens laget i cup 2 går til A-cup. Me ventar spent på trekning!










